onsdag 17. januar 2024

Torsdagsquiz 7 - 11.januar 2024

 




Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

14 nyttårsglupe lag stilte til start. Snittet enda på utrulige 65 poeng. Rekord? Heile tretten av laga kom seg over 60 poeng, medan seks lag var 70 poeng +. Fenomenalt!

Enten følgjer alle laga ekstremt godt med på det som rører seg både nasjonalt og ute i verda, eller så må QM ha blanda vekas Arena-quiz med Rubbestadneset Borneskule sin. Snittet enda uansett på rekordhøge 14,5 poeng. Enkel oppvarming før resten av quizen, for dei fleste, altså. Beste lag var BJ&P, DMDC og FIA HOFA som alle, utan store problem, nagla alle 16 rette svar.

Litt verre vart det på underhaldningsarket. Snittet enda på dryge 12 poeng. Ein skulle tru at nokre sære musikkval vart for speisa for enkelte av laga. Best var Sus & Dus med imponerande 15 poeng.

Samme lag gjekk i garderoben med leiing til pause. 30 av 32 poeng er vasst.

Tredjearket denne kvelden skulle dreia seg om, som så mange gongar før; Sport og Geografi. Her var det nokre nøtter laga fekk brynt seg på, men likevel overkommeleg sidan snittet var på 12,4 poeng. Beste lag var Fonna i Krise med sterke 15 poeng. Tippar Atle hadde stålkontroll på sportsdelen?

(Lita gulerot til alle som les rosaquizbloggen: Tema på tredjearket til neste quiz vert Byggverk / Byggverk - lukke til med førebuinga)

Før siste arket med Lett Blanding var det rekordjamnt i teten. Heile seks lag kjempa om sigeren. Dei fleste av topplaga kom seg også heilskinna gjennom den høvesvis lette blandinga. Snitt på 13,5 poeng. Beste lag var FIA HOFA med full godtepose og 16 sterke poeng. Etter ryktene var kaptein Bente ekstra i støtet denne kvelden.

Også kveldens bileteark gjorde dei aller fleste lag det godt på. Snitt på 12,7 poeng. Ingen tok alle 16 fjes, men tre lag klarte 15: BJ&P, LAMP AS og HDPT.

Totalt enda det med at berre to poeng skilde dei seks kvassaste laga. Alle med 70 poeng eller meir. Fire av laga kjempa om tredjeplassen med sine 70 poeng, og LAMP AS trekk det lengste strået iht quizreglane. Andreplassen med 71 poeng gjekk til den kverulerande og arrogante (neida, berre kødda) - trivelege gjengen i DMDC. Dei byrjar få dreisen på dette med quiz no.

Kveldens vinnarlag vart, som så mange gongar før, den quizrutinerte gjengen frå Bjelland Juletre & Pyntegrønt. 72 poeng heldt akkurat.

Stort til lukke til medaljørlaga og velkomen til ny (og hakket vanskelegare) quiz torsdag 25.januar.

Quizvert for "vårens" første og sesongens sjuande quiz var Sverre.

Resultat quiz 7 av 12 sesongen 2023/2024 - 11.januar:

(Trykk på bileta for større visning)






Samanlagt:






Alle spørsmål med fasit:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar