fredag 8. november 2019
Torsdagsquiz 9 - 7.november 2019
Under følgjer resultat, spørsmål og svar.
14 opplagte(?) lag deltok og snittscoren var denne gong på sjokkerande 48,2 poeng. Kun seks gode lag kom seg over 50 poeng.
Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Ellen frå Quizzedillas og Einar frå QF. Ellen var skarpast og kjappast i finalen med god kunnskap om russisk 1800-tals litteratur. Premie: To kinobillettar.
Det vart ein tung quiz for fleire av laga denne kvelden. Enkelte hadde om muleg gjort det endo litt verre for seg sjølv med tanke på å kjempa om edelt metall. LAMP AS stilte nemleg med 10 deltakerar på laget og fekk dermed 4 minuspoeng. Ville dei ekstra personane på laget bidra med nok poeng til at det var verdt det?
Halvvegs var det QF som hadde kome best i gong. Full pott på andrearket var spesielt imponerande. Dei skulle likevel få det tøft på siste halvdel. Med kun 31 poeng av dei 48 mulege måtte dei sjå seg forbigått av to lag, og dermed ta til takke med tredjeplassen.
Dei Sporadiske imponerte med tosifra antal poeng på samtlege ark. Det enda i 60 poeng totalt, noko som heldt til ein fin andreplass. Med sesongens femte topplassering var det Bjelland Juletre og Pyntegrønt som tok tilbake hegemoniet denne kvelden. Alt rett på tredjearket var rått. Spesielt god timing for gjengen å henta inn ein bibliotekar når eine tema var Norsk Litteratur. Dei var òg gode på fjerdearket med kun éin feil, samt eit godkjent bileteark. Det heldt i massevis og dei kunne landa på 66 poeng og god margin ned til Dei Sporadiske. Gratulera!
Sidan det ikkje vart noko av noko ekstrapremie førre torsdag, vart det premie til to lag denne gong. Toppetasjen vart trekt ut som vinnar av ein gratisbillett til konsert med Valentourettes neste fredag, medan Sviskene vann ein gratisbillett til Vamp sin konsert 6.desember. God fornøyelse!
Quizvert og barsjef var Jon, med servitør Alena og Vilde som skrubbetøs i oppvasken.
Vel møtt igjen til haustsesongens tiande quiz førstkomande torsdag 14.november med Sverre.
God helg!
Resultat quiz 9 av 14 hausten 2019 - 7.november:
(Trykk på bileta for større visning)
Samanlagt:
Alle spørsmål med fasit:
mandag 4. november 2019
Torsdagsquiz 8 - 31.oktober 2019
Under følgjer resultat, spørsmål og svar.
16 strame lag deltok og snittscoren var denne gong på utrulege 61,3 poeng. Kun fire mindre skarpe lag kom seg ikkje over 60 poeng.
Rop Ut Quizen halvvegs vart ein duell mellom Oddmund frå HBO og Anne Beth frå Har Det På Tunga. I finalen var det Oddmund som trakk det lengste strået. Han visste at det var Lillebjørn Nilsen som skreiv songen Tanta til Beate. Premie: To kinobillettar.
Det var jamnt i toppen nok ein gong. Kun seks poeng skilde dei sju beste laga. Tre lag tippa 70 poeng. LAMP AS tok bronsen med 70p, Bjelland Juletre og Pyntegrønt sølvet med 72p, medan HBO kunne henta heim gullet og ein etterlengta siger med sine 73 poeng. Gratulera!
Ekstrapremien vart det ikkje noko av denne kvelden. Dette grunna totalt kaos og elendig planlegging av quizvert og barsjef. Ikkje umuleg det då vert premiebonanza på neste quiz.
Quizvert var Sverre, med servitør Alena og Geir i baren.
Vel møtt igjen til haustsesongens niande quiz førstkomande torsdag 7.november
God arbeidsveke / NAV-veke!
Resultat quiz 8 av 14 hausten 2019 - 31.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)
Samanlagt:
Alle spørsmål med fasit:
torsdag 24. oktober 2019
Torsdagsquiz 7 - 24.oktober 2019
Under følgjer resultat, spørsmål og svar.
17 herlige lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 52 poeng. Fire skarpe lag kom seg over 60 poeng.
Rop Ut Quizen halvvegs endte med delt siger mellom Solveig frå Dei Hjelpelause og Veronica frå laget Må På Behandling. Dette etter ein rysare av ein duell som gjekk heilt til fjerde finalespørsmål. Premie: Kvar sin kinobillett.
Seks lag aspirerte alle til ein plass på pallen denne kvelden. Har Det På Tunga og Dei Sporadiske mangla nokre få poeng og måtte ta til takke med høvesvis sjette og femte plass. LAMP AS og QF kniva om tredjeplassen. Dei enda på lik score med 60 poeng, men LAMP AS trakk det lengste strået om bronsen sidan dei hadde flest rette bilete. Sju poeng føre bronseduellantane låg BJoP og HBO. Med lik score på disse laga òg, var det igjen bileta som avgjorde. HBO klarte 13, medan BJoP fleska til med 14 rette bilete. Dermed ny triumf til BJoP som i tillegg overtok samanlagtleiinga.
Ekstrapremien gjekk i kveld til laget Må På Behandling! som fekk med seg to stk billettar til Valentourettes sin konsert på Arena 15.november.
Quizvert var Jon, med servitør Alena og Melissa Madeleine i baren.
Vel møtt igjen til haustsesongens åttande quiz førstkomande torsdag 31.oktober.
God helg!
Resultat quiz 7 av 14 hausten 2019 - 24.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)
Samanlagt:
Alle spørsmål med fasit:
søndag 20. oktober 2019
Torsdagsquiz 6 - 17.oktober 2019
Under følgjer resultat, spørsmål og svar.
18 snedne lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 56 poeng. Ni lag kom seg over 60 poeng.
Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Nils frå Lex Lodney. Han slo Ragnhild frå Dei Hjelpelause i finalen. Premie: To stk kinobillettar.
Det vart ein humørfylt kveld i Arena denne torsdagen. Quizmaster Sverre var i støtet både på godt og vondt og fekk forsamlinga til å le fleire gongar grunna eigne feil. Det kan til dømes nemnast:
- Er Catalonia og Baskerland det same?
- Maleficent - korleis skal det uttalast?
- Er det Spania eller Italia ein kan sjå på TV-kanalen RAI?
- Kva farge er det på farge-TV'en til Max Mekker?
- Er det andre enn Sverre som kan få fram primærfargen gul med å blanda to andre fargar?
- Kvifor fekk ikkje Tante Rød vere med dei andre tantene til Elsa Beskow?
- Er det lov å spør om Melodi Grand Prix låtar frå tidleg 60-tal?
- Er Erdogan i ferd med å ta att Zara Larsson i den som har dukka opp på biletearket flest gongar?
Quizen vart vunne i overlegen stil av QF denne veka. Eigentleg litt som forventa når ein kunne sjå kva mannskap dei stilte med. Til dømes var både Tore og Tarjei sendt ut for å hjelpa eit anna lag denne kvelden. BJoP vart dermed endeleg skubba ned frå øvste pallplass. HBO kneip tredjeplassen.
I samandraget leiar QF med god margin føre nettopp BJoP og HBO. Alt er altså som det plar vere.
Ekstrapremien gjekk i kveld til laget Quizte Du Det? som fekk med seg to stk billettar til Valentourettes sin konsert på Arena neste månad.
Quizvert var Sverre, med servitør Alena og Geir i baren.
Vel møtt igjen til haustsesongens sjuande quiz førstkomande torsdag 24.oktober.
God helg!
Resultat quiz 6 av 14 hausten 2019 - 17.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)
Samanlagt:
Alle spørsmål med fasit:
fredag 11. oktober 2019
Torsdagsquiz 5 - 10.oktober 2019
Under følgjer resultat, spørsmål og svar.
16 glupe lag deltok og snittscoren var denne gong på dryge 51 poeng. Fem lag kom seg over 60 poeng.
Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Oddmund frå HBO. Han slo Solveig frå Dei Hjelpelause i finalen. Premie: To stk kinobillettar.
Som sist veke vart det utklassing frå BJOP. Vinnarscoren på 68 poeng var vel ikkje ein score for historiebøkene, men dei var like fullt fem poeng føre neste lag: LAMP. Fin tredjeplass til Dei Sporadiske som er inne i ein fin stim.
Ekstrapremien gjekk i kveld til laget Quizzedillas som fekk med seg to stk billettar til orkesteret Backstreet Girls sin konsert på Arena laurdag 19.oktober.
Quizvert var Jon, med servitør Alena og Vilde i baren.
Vel møtt igjen til haustsesongens sjette quiz førstkomande torsdag 17.oktober med Sverre.
God helg!
Resultat quiz 5 av 14 hausten 2019 - 10.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)
Samanlagt:
Alle spørsmål med fasit:
torsdag 3. oktober 2019
Torsdagsquiz 4 - 3.oktober 2019
Under følgjer resultat, spørsmål og svar.
16 dugande lag deltok og snittscoren var denne gong på snaue 59 poeng. Ti lag kom seg over 60 poeng.
Rop Ut Quizen halvvegs vart vunne av Oddvar frå BJOP. Han slo Oddmund frå HBO i finalen. Premie: To stk kinobillettar.
BJOP held fram med den fine quizformen frå førre veke og klokka denne gong inn på fine 72 poeng. Det heldt i massevis til siger, heile seks poeng føre Dei Sporadiske og Sviskene som begge enda på 66 poeng. Dei Sporadiske kneip sølvet grunna flest rette bilete.
Ekstrapremien gjekk i kveld til laget Har Du Eit Betre Vorslag? som fekk med seg to stk billettar til orkesteret Backstreet Girls sin konsert på Arena laurdag 19.oktober.
Quizvert var Sverre, med truleg servitør Alena og Geir i baren.
Vel møtt igjen til haustsesongens femte quiz førstkomande torsdag 10.oktober.
God helg!
Resultat quiz 4 av 14 hausten 2019 - 3.oktober:
(Trykk på bileta for større visning)
Samanlagt:
Alle spørsmål med fasit:
(På vegne av Sverre: Orsak for alle skrivefeila, bokmålsendingane osv)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)















































