fredag 17. november 2017

Torsdagsquiz 11 - 16.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

24 lag deltok og snittscoren var på fine 66 poeng (av totalt 85 moglege).

Etter ein liten dipp i antal lag førre veke var me i kveld tilbake til der me ynskjer å vere med 24 lag på startstreken. Fleire av dei faste laga som har vert sakna var tilbake: Bedre Seint Enn Sist, Tors Utvalgte og Dvergkastarane. Nydelig! At me då mangla Geir i baren i kveld var det ingen som reagerte på. I følgje ryktene har han lagt ut på ei rundreise i Europa for å promotere den nye vinterkolleksjonen til Sparkjøp. Uansett var både Marita og Oda på plass, så dette måtte bli ein god kveld.

Det er fleire faste lag som har gått på quiz ei årrekkje. Og med faste lag blir det ofte faste bord. Dette er artig å følgje med på. For kva skjer då når dei faste borda vert okkupert av nye og uvitande lag? Jo, då blir det ramaskrik og vonbrot. Så også i kveld. Sjølv om dørane til Arena "opnar" klokka 19.00 på quizkveldar, er det ofte lag som snik seg inn på førehand. QF har faktisk eit eige lagmedlem som kun er med for å sikre det faste bordet, nemleg Arve. I kveld hadde han fått med seg Tommy, og stilte ti på sju. Og det var store auger å spora når dei oppdaga at bordet "deira" allereie var tatt. Hysterisk! Så kva var då meir naturleg enn å ta "bordet til" Hakke Peiling? Store ringverknader. Men slapp av folkens, ikkje ver redde for å setje dykk nett der de vil. Første mann til mølla gjeld.

Etter twisten med ny type bileteark førre veke var det kanskje knytt spaning til kva som kom til å skje på den fronten denne veka. Etter ei avstemming i sosiale media var det klart at den nye vrien med bilete av ting og tang var vel tatt i mot: 55% ynskja dette, mot 45% som ynskja den gamle varianten med bilete av kjendisfjes. Sidan det var såpass likt delt, vart det ein mix denne gong. Inntrykket er at dette vert godt mottatt, så me held fram med dette.

God trafikk i baren før oppstart i kveld, og akkopagnert av eminent musikk frå baren fekk quizarane i seg fine dråpar og torsdagsmiddag før oppstart.

Fyrstearket skulle verte ein god start for fleire i kveld. De følgjer framleis veldig bra med på kva som skjer rundt omkring både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Best av alle var Lex Lodney med Nils i spissen. Dei prikka like godt inn samtlege svar og 21 poeng. Fenomenalt! Også bra av BJoP som hadde 20p og QF, Dei Hjelpelause og Har Det På Tunga som noterte seg for 19p. Ei utfordring skulle vise seg å vere kva fylke vogntoget bråstoppa i, og kva streamingteneste som har sikra seg rettigheitane til serien om Ringenes Herre. Likevel var det mest feil på spørsmålet om sjakk og kva by Magnus spelte i. Berre tre lag visste at det var St. Louis. Laget Heise Bra Opplegg (HBO) har vert i støtet i det siste. Anført av ein opplagt Oddmund melder dei seg på i samandraget. Men folkens, kva med å følgja litt meir med på TV? Med kun 1 poeng av 6 moglege på spørsmåla om Skal Vi Danse og Farmen, spørsmål dei andre laga tek på strak arm, hamnar de på etterskot tidleg! Men dette vissvasset er kanskje under dykkar verdighet? Hehe.

Andrearket med musikk, film og TV plar gi litt sprik. Alt frå full pott til halvparten feil har blitt ein gjengongar. Musikken skulle vere overkommeleg i kveld, så også spørsmåla om film og TV. Eller? Bjelland Juletre og Pyntegrønt var i alle høve på hugget her. Full pott! Dei Hjelpelause følgte også opp den gode starten med berre éin feil. Same score på HBO (som no var i gong) og Bedre Seint Enn Sist. Sistnemnte med 10 deltakerar og 4 minuspoeng på førstearket. Kunne dei likevel melde seg på i toppkampen? På musikken hadde dei fleste kontroll på Stones og Tina Turner. Nokre lag gjekk i fella på hiten til 4 Non Blones og svara "What's Going On?" på låta "What's Up?". Vanskelegast i kveld var nye låten til Tone Damli, Strangers, og The Dandy Warhols til hit Bohemian Like You frå 2000. På film -og TV-delen var det Bergerac som var mest vrien. Berre 11 av 24 lag visste at Bergerac var spela av John Nettles. Ellers veldig god kunnskap på denne delen av dei fleste.

Halvvegs var det BJoP som hadde kommandoen. Med kun éin feil hadde dei sikra seg ei luke på to poeng ned til Dei Hjelpelause.

Halvvegs i quizen betyr også Rop-Ut-Quiz. Første spørsmål handla om gamle Sovjetleiarar, og det var Oddmund frå HBO som var først ute med rett svar (Khrutsjov) på kven som regjerte frå '53 til '64. I finalen skulle han møta Hege frå Quizzvazz. Det er lenge sidan det myteoppspunne legendelaget Romlingane har gått på quiz, men tidlegare Romlingkaptein Hege gjer no kanskje comeback på nytt lag? Peiling på papegøyar har ho i alle fall. Kva dyr er ein blå-ansikta papegøye? Godt Hege tok ansvar etter forslag om både fisk og diverse andre dyr. Hehe. I finalen var det kunst på menyen. Kven står bak kunstverket "Guernica"? Dette visste Oddmund og var kjapt på pletten: Pablo Picasso. God tur på kino gode quizar!

Tredjearket i kveld skulle dreia seg om leiketøy og krig. Utan samanheng, vel og merka. Veldig mykje bra svar over heile linja. Verst var spørsmålet om militærgraden i Hæren som tilsvarar Marinens orlogskaptein. Kun 8 lag visste at det var Major. Ellers imponerande med 16 rette svar på spørsmålet om modeljernbanar og Märklin. Litt grums på rangering av leiketøysprodusentar. Også på årstala frå andre verdskrig. Éitt lag med full pott: HBO. Knall!

Lett blanding avsluttar som vanleg spørsmålsseansen. Også her var det mykje gode scorar. Geonøtta med hovudstadar som startar på vokalar var verste spørsmål. Kun 7 lag visste at ingen hovudstadar startar på bokstaven E. Også delstathovudstadar kalla opp etter presidentar skulle verta ei utfordring. Fleire prøvde seg på både Washington og Jacksonville. Men er dei delstatshovudstadar? Det fonetiske alfabet var også vrient for fleire. Spesielt U'en som representerar Uniform. Best på fjerdearket var HBO som nok ein gong noterte seg for full pott! QF nest best med éin feil.

Så tilbake til biletearket. Både hund, logo, flagg og album med strålande score. Frø og kart ikkje like bra. 16 lag prikka inn rett messingblåseinstrument = imponerande! Ellers litt rusk på kjendisfjesa. Kun éitt lag med full pott: BJoP. De er gode!

Jackpotquizen skulle verta ei spesiell oppleving i kveld. For det første mangla me lodd. Dei hadde Geir tatt med seg i Hello Kitty kofferten sin til Spania. Ei einsleg loddbok vart likevel funne, og med 10kr loddet gjekk det seg til. 800kr i potten. Første semifinale skulle stå mellom to gjengangerar: Nils og Oddmund. Kva sport dreiv legenda Babe Ruth med? "Nils! Oddmund!" Nesten på likt, men med Nils eit lite hestehovud føre: "Baseball!". Eit svar som sjølvsagt var rett. Sterkt av Nils som nok ein gong var klar for finalen. I neste semifinale var Sverre førstemann til å bli trekt ut. Når han så trekk Nils (igjen!) som motstandar kjem fortvilinga. Ville han gi opp allereie før spørsmålet var stilt? Det kunne nesten virka sånn. Og når ein gir opp før det brakar laus, så fortenar ein vel ikkje betre? Kva er høgast sum oppnåeleg for eit hus i vanleg Yatzy? "Sverre!" Sjå her du. Kunne han likevel slå overmakta? Nei, langt der i frå. Med svaret "30!" var dei fleste i salen lamslåtte. Really?! Nei, Sverre. Ta deg ein tur på hytta i helgo, finn fram ei pæra, terningar (og kanskje kuleramma?) og lær deg dette ein gong for alle. Jaja, når salens gisp og totale sjokk hadde roa seg var Nils frampå med rett svar "28". Sjølvsagt. Dette veit vel alle?! Dermed var det klart for finale mellom Nils og... Nils?! Makan. Dette var eit scenario som quizverten overhovudet ikkje hadde sett for seg kunne skje. Snakka om å bli tatt med buksa nede. Kva seier reglementet om dette? Ikkje mykje. Men finale vart det mellom Nils 1 og Nils 2. Spørsmål: Kva organisasjon vart grunnlagt av Catherine og William Booth i London i 1895? Og Nils lot seg sjølvsagt ikkje lura og hugsa å sei namnet sitt til og med, sjølv utan konkurranse. "Nils!" Hmm, var det Nils 1 eller Nils 2? Spelar ingen rolle. "Frelsesarméen!". Riktig! Grattis med 800 fortente kroner!

Samanlagt var det veldig mykje gode scorar i kveld. Heile sju lag enda på over 70 poeng. Nykommar Anyohaseyo debuterte med 71 poeng. Sterkt! Dette gav dei likevel berre ein 7.plass. Like bak pallen med 73 poeng enda det tre lag på delt 4.plass: Tors Utvalgte, Dei Hjelpelause og Dei Sporadiske. Pallen i kveld skulle faktisk bli identisk med førre veke. HBO, som hadde ein treig start med Skal Vi Danse og Farmen, var strålande heile vegen inn. Dei enda à poeng med QF, men måtte sjå seg slått på beste score på eit enkeltark etter at dei hadde like mange bilete. Ergo tredjeplass på HBO og andreplass på QF. Begge lag med sterke 75 poeng av 85 moglege. Kveldens suverene vinnarar var Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Med heile 80 poeng satt dei rekord for hausten. Kun 5 feil er kanon! Dermed kunne Jakob fornøgd ta i mot gåvekort på 500kr. Nei, vent litt? Jakob? Nei, varaordføraren var slettes ikkje tilstade i kveld! Vidar, Jarle, Asmund og co, derimot, kunne ta i mot premien! Det var kanskje det som var grunnen til rekordscoren? At Jakob mangla? Vidar: "Du må hugsa å få med at Jakob mangla i kveld! Då slapp me at han kverulerte oss vekk frå rette svar!" Hehe. Eg mistenkjer det vil vere ein med markeringsbehov som stiller på quiz neste torsdag. Jackpoten lever nok farleg!

Sviskene vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til Soulkveld på Arena denne laurdagen. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Marita og Oda i baren.

Takk for ein strøken kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 11 av 15 hausten 2017 - 16.november:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 11 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar