fredag 12. januar 2018

Torsdagsquiz 02 - 11.januar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lag deltok og snittscoren var nok ein gong på dryge 60 poeng (av totalt 85 moglege).

Før klokka hadde passert 18.50 var allereie fire lag på plass for å finna sitt favorittbord. Når siste lag Quiztorn tok plass på lokalets siste ledige bord ein snau time seinare var Arena tilnærma fullt og quizen kunne starta. Då hadde dei fleste fått bestilt seg ein matbete og noko godt i glaset. (Eller kva, Gunnveig?) Apropos godt i glaset; Cappuccino går det mykje av. Mellom klokka 19 og 20 går det skytteltrafikk mellom Arena og kaffimaskinen inne på Bakeriet, og dei spretne servitørane (som kan handtera maskinen - avanserte greier) har si fulle hyra med å få produsert sofistikerte koppar til quizdeltakarane. Spesielt Dei Sporadiske må ha sine tiltrengte koffeindråpar før quizen kan starta. Så spørs det om dei var vakne nok når kampen om poenga skulle starte?

Førstearket med aktuelt stoff skulle i kveld gi oss eit bra snitt på dryge 16 poeng av 21 moglege. Nok ein gong eit prov på at de følgjer godt med! Litt rusk på følgjande spørsmål var det likevel: Ymse feil på kor gammal Nordli vart og når han var statsminister, fleire gode forslag på antal påmeldte til Sunnhordland Maraton (her ville nokon at det allereie var fleire tusen påmeldte!) og litt smårusk på siste oppgåva med dei fem påstandane. Fleire tok fire av fem her, men ingen tok alle. Verste spørsmål var likevel det om togulukka. Berre eit fåtal kunne dra rett svar opp av quizhatten her: Sør-Afrika. Best av alle med 20 av 21 poeng var Quiztorn som gjorde comeback etter eit år vekke frå quizen. Kva har de balt med? Dei fire fabelaktige jentene (#metoo) hadde henta inn ekspertise frå tidlegare AP-topp Andreas i kveld, og dei virka veldig på hugget. Kunne dei gå heile vegen? Fleire andre lag gjorde også eit godt førsteark. 19 poeng til både BJoP, Dei Hjelpelause og Har Det På Tunga, medan Tors Utvalgte og Dei Sporadiske henta 18 poeng. Lex Lodney som plar vera rå på aktuelle tema skuffa litt med sine 16 poeng. Så også QF og HBO som henta høvesvis 15 og 13 poeng. Skulle det bli avgjerande at dei mangla sine kunnskapsrike kapteinar Line og Oddmund i kveld?

Musikken i kveld må vel seiast å vere rein give-away med tanke på poeng. Janis Joplin, INXS, Crowded House, Robbie Williams og Adele skal i utgangspunktet vere plankekøyring. Alle med nokon av sine største hits. Likvel henta ingen av laga full pott med 10 poeng. Litt skuffande?! Uansett godkjent innsats frå BJoP, QF, Tors Utvalgte og Blanda Drops som kom frå det med 9 poeng. Men også begredeleg innsats frå fleire lag. På film -og TV-delen var det blanda utteljing. 14/17 lag hadde kontroll på Ingrid Bergman, medan berre 8/17 lag kjende att skodespelarane frå Baywatch. Mest rystande var det med Vinn på Minuttet. INGEN lag hugsa det var Carsten Skjelbreid som leia dette gameshowet. Til slutt hadde dei fleste lag kontroll på både filmane 48 Timar og Sully, sjølv om mange trudde det var Steven Spielberg som hadde regien på sistnemnte. Beste lag på andrearket var BJoP som henta brukbare 15 av 18 poeng. Fem lag kan også sei seg nokolunde nøgde med 14 av 18. Uansett, med 16 av 17 lag på tosifra antal poeng trur eg kanskje rette nivået av vankelegheitsgrad er funne. Så får me sjå om både QM og deltakarlaga kan lukkast neste veke.

Før oppsummering halvvegs var det som vanleg Rop Ut Quiz. Første finalist vart Kaja frå Furuly 4 Ever, som vart dømt først ut med rett svar på kva som er kroppens største og lengste bein på latin: femur (lårbeinet). I finalen skulle ho møta Marko frå BJoP som hadde kontroll på Karl Marx. Den gode innsatsen haldt fram i finalen, der begge kandidatane viste framifrå kunnskap. Etter at det ikkje var mogleg å skilja dei på korkje første eller andre finalespørsmål, måtte det avgjerdast på tredje og siste spørsmål. Og Kaja kunne her si sportshistorie. Sjølvsagt var det Jan Ove Waldner som tok OL-gull i bordtennis i Barcelona 1992. Imponerande! God tur på kino, blide austlandsjente! Forøvrig, sidan det alltid er morosamt å harsellera litt med BJoP: Marko hadde eit ønske om å plassera Mr Waldner innafor Rytmisk Sportsgymnastikk. Heilt sikkert til BJoP-president Jakob si store begeistring. Hehe.

Halvvegs var det nettopp BJoP som hadde tatt føringa, sjølv om Marko feila kapitalt på Rop Ut Quizen. Dei leia 1 poeng føre Har Det På Tunga og 2 poeng føre Tors Utvalgte, Quiztorn og Dei Hjelpelause. Korleis låg dei normalt sett sterke laga QF og HBO an utan sine lagkapteinar, lurer du kanskje på? Heller dårleg. På grensa til katastrofalt. QF allereie 5 poeng bak teten, medan HBO var akterutseilt heile 9 poeng bak. Forøvrig låg både Dei Sporadiske og Blanda Drops på skothald, 4 poeng bak BJoP.

Ark 3 handla i kveld om Katastrofar og Storbritannia. Spanande tema. Og laga, med unntak av Hakke Peiling (som ikkje gjorde lagnamnet sitt til skamme ved dette høvet) leverte også gode svar på dei fryktelig gode spørsmåla. Eit snitt på 12 av 16 poeng vitnar enten om for lette spørsmål eller om at de er sylskarpe. Skarpast av laga var Lex Lodney og BJoP som kunne notera seg for tre ganger 20 i stil og alt rett. Bravo! Quiztorn får også ein high-five for sine 15 poeng. QM derimot, han må tåla ein kolsvart kamel for sitt horrible fasitsvar Kviterussland på spørsmålet om Tsjernobyl. Pinleg. Utilgiveleg. Skandale. Helga vert tilbrakt i skam. Sidan laga stort sett var gode over heile linja var det ikkje mange spørsmål som gjekk under kategorien vanskelege. Likevel må det nemnast at Dei Sporadiske bør dobbeltsjekka potemanien før neste Englandstur. Ta heller med dykk Cent'ane dykkar til USA. Hehe.

Om lag halvparten av laga visste kva CNN er ei forkorting for på første spørsmålet på Lett Blanding arket. Svært mange alternative gode forslag utanom. Øverland, Mamelukk og Trionetta visste dei fleste, medan Anitra frå Peer Gynt var litt verre. Erik Bye sin "Gå til Onkel" resulterte i masse politi-svar. Berre 6/17 lag visste det var pantelånaren me skulle fram til. Elles ville mange ha Hillary Clinton som ei av dei to første kvinnelege utanriksministrane i USA (Albright og Rice), medan Samantha Fox sin hit Touch Me var arkets nøtt. Berre 6/17 lag nagla den. Til slutt handla det om byar i USA, og berre BJoP og LL kunne plassera alle fire byar i korrekt delstat. Mykje fantasifulle forslag her som kunne minna om pilkast med bind for augo mot eit USA-kart. Beste lag var Lex Lodney som henta 13 av 15 poeng. Eit snitt på 9 poeng vitnar om eit halvvrient ark.

Biletearket skulle ikkje vere alt for utfordrande denne kvelden. Laga snitta på dryge 11 poeng og best var BJoP og Blanda Drops som berre hadde eit bilete feil. Også Lex Lodney, Quiztorn, QF og Furuly 4 Ever leverte bra med 13 poeng. Bileta av WWF, Warhol, Fantorangen, NBC, Timberlake, Ayers Rock, Ek Hagen, The Americans og Kirk Douglas resulterte berre i totalt 14 feilsvar. Meget bra! Elles jamnt over ok innsats. Verst var det med Paradise-Pierre. Berre BJoP og QF hadde rett etternamn og dermed poeng på dette.

Jackpotquizen skulle i kveld gi oss ein draumeduell mellom haustsesongens to beste jackpotgrossistar. I første semifinale møttes nemleg varaordførar Jakob og Nils. Og som så ofte før er dei eldste eldst. Jakob var som vanleg tidleg ute, men når ein ikkje har greie på opera vart forslaget om at det var Verdi som komponerte Den Flyvende Hollender heller litt flaut. Trudde dette var elementær kunnskap alle varaordførarar sat inne med? Nils derimot, han hadde kontroll og svara rolig at det var Wagner som var komponisten. Neste duell stod mellom Rolf frå Hakke Peiling og jommen santen meg Jakob igjen. Og denne gong fekk han sin revansje. Sjølv om ingen av dei hadde greie på Amaretto, var han likevel raskt ute med rett svar på spørsmålet om kva ein Fender Stratocaster vert brukt til. Jo, den spelar ein på (gitar). Dermed var det duka for nok ein duell mellom Jakob og Nils i finalen. Spørsmålet: Kva instrument spelte jazzlegenden Charlie Parker? Jakob var nok ein gong først ute (i ordets rette forstand). Med forslaget Trompet (huff og huff) nærast forærte han dei 1000 kronene til sin nemesis for kvelden. Nils svara sjøvsagt rett (saksofon - noko heile salen visste) og kunne innkassera jackpot nummer to av to for året. Gratulera!

Over til sluttstillinga og premiefordeling. Nok ein gong masse lag på 60 poeng pluss. Heile tolv lag over den magiske grensa(?) i kveld. Har Det På Tunga falt litt av utover quizen og havna på 8.plass med 65 poeng. På plassane over kom QF med skuffande 66p, Dei Hjelpelause med 67p og Quiztorn med 68p og ein sterk 5.plass i comebacket. Den sure 4.plassen gjekk i kveld til Tors Utvalgte. Dei hamna á poeng med Blanda Drops (69p), men måtte sjå seg slått på færre rette bilete. Dermed var altså BD tilbake på pallen og kunne innkassera gåvekort på pizza. Lex Lodney tok ein ny fin 2.plass med sine 70p. Ein god start på året resulterar i at dei leiar samanlagt. Kveldens vinnarlag vart Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Med 76p sørga dei for årets andre utklassingssiger. Sterk innsats og gratulerar med triumfen gode folk!

Comebacklaget Quiztorn vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til 100 Dagar arrangementet på Arena 26. og 27. januar. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein briljant kveld og vel møtt igjen torsdag 18.januar til ny quiz!

Resultat quiz 2 av 15 våren 2018 - 11.januar:
(Trykk på bileta for større visning)














Samanlagtstilling etter 02 av 15 rundar:













Alle spørsmål med fasit:







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar