fredag 12. januar 2018

Torsdagsquiz 02 - 11.januar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

17 lag deltok og snittscoren var nok ein gong på dryge 60 poeng (av totalt 85 moglege).

Før klokka hadde passert 18.50 var allereie fire lag på plass for å finna sitt favorittbord. Når siste lag Quiztorn tok plass på lokalets siste ledige bord ein snau time seinare var Arena tilnærma fullt og quizen kunne starta. Då hadde dei fleste fått bestilt seg ein matbete og noko godt i glaset. (Eller kva, Gunnveig?) Apropos godt i glaset; Cappuccino går det mykje av. Mellom klokka 19 og 20 går det skytteltrafikk mellom Arena og kaffimaskinen inne på Bakeriet, og dei spretne servitørane (som kan handtera maskinen - avanserte greier) har si fulle hyra med å få produsert sofistikerte koppar til quizdeltakarane. Spesielt Dei Sporadiske må ha sine tiltrengte koffeindråpar før quizen kan starta. Så spørs det om dei var vakne nok når kampen om poenga skulle starte?

Førstearket med aktuelt stoff skulle i kveld gi oss eit bra snitt på dryge 16 poeng av 21 moglege. Nok ein gong eit prov på at de følgjer godt med! Litt rusk på følgjande spørsmål var det likevel: Ymse feil på kor gammal Nordli vart og når han var statsminister, fleire gode forslag på antal påmeldte til Sunnhordland Maraton (her ville nokon at det allereie var fleire tusen påmeldte!) og litt smårusk på siste oppgåva med dei fem påstandane. Fleire tok fire av fem her, men ingen tok alle. Verste spørsmål var likevel det om togulukka. Berre eit fåtal kunne dra rett svar opp av quizhatten her: Sør-Afrika. Best av alle med 20 av 21 poeng var Quiztorn som gjorde comeback etter eit år vekke frå quizen. Kva har de balt med? Dei fire fabelaktige jentene (#metoo) hadde henta inn ekspertise frå tidlegare AP-topp Andreas i kveld, og dei virka veldig på hugget. Kunne dei gå heile vegen? Fleire andre lag gjorde også eit godt førsteark. 19 poeng til både BJoP, Dei Hjelpelause og Har Det På Tunga, medan Tors Utvalgte og Dei Sporadiske henta 18 poeng. Lex Lodney som plar vera rå på aktuelle tema skuffa litt med sine 16 poeng. Så også QF og HBO som henta høvesvis 15 og 13 poeng. Skulle det bli avgjerande at dei mangla sine kunnskapsrike kapteinar Line og Oddmund i kveld?

Musikken i kveld må vel seiast å vere rein give-away med tanke på poeng. Janis Joplin, INXS, Crowded House, Robbie Williams og Adele skal i utgangspunktet vere plankekøyring. Alle med nokon av sine største hits. Likvel henta ingen av laga full pott med 10 poeng. Litt skuffande?! Uansett godkjent innsats frå BJoP, QF, Tors Utvalgte og Blanda Drops som kom frå det med 9 poeng. Men også begredeleg innsats frå fleire lag. På film -og TV-delen var det blanda utteljing. 14/17 lag hadde kontroll på Ingrid Bergman, medan berre 8/17 lag kjende att skodespelarane frå Baywatch. Mest rystande var det med Vinn på Minuttet. INGEN lag hugsa det var Carsten Skjelbreid som leia dette gameshowet. Til slutt hadde dei fleste lag kontroll på både filmane 48 Timar og Sully, sjølv om mange trudde det var Steven Spielberg som hadde regien på sistnemnte. Beste lag på andrearket var BJoP som henta brukbare 15 av 18 poeng. Fem lag kan også sei seg nokolunde nøgde med 14 av 18. Uansett, med 16 av 17 lag på tosifra antal poeng trur eg kanskje rette nivået av vankelegheitsgrad er funne. Så får me sjå om både QM og deltakarlaga kan lukkast neste veke.

Før oppsummering halvvegs var det som vanleg Rop Ut Quiz. Første finalist vart Kaja frå Furuly 4 Ever, som vart dømt først ut med rett svar på kva som er kroppens største og lengste bein på latin: femur (lårbeinet). I finalen skulle ho møta Marko frå BJoP som hadde kontroll på Karl Marx. Den gode innsatsen haldt fram i finalen, der begge kandidatane viste framifrå kunnskap. Etter at det ikkje var mogleg å skilja dei på korkje første eller andre finalespørsmål, måtte det avgjerdast på tredje og siste spørsmål. Og Kaja kunne her si sportshistorie. Sjølvsagt var det Jan Ove Waldner som tok OL-gull i bordtennis i Barcelona 1992. Imponerande! God tur på kino, blide austlandsjente! Forøvrig, sidan det alltid er morosamt å harsellera litt med BJoP: Marko hadde eit ønske om å plassera Mr Waldner innafor Rytmisk Sportsgymnastikk. Heilt sikkert til BJoP-president Jakob si store begeistring. Hehe.

Halvvegs var det nettopp BJoP som hadde tatt føringa, sjølv om Marko feila kapitalt på Rop Ut Quizen. Dei leia 1 poeng føre Har Det På Tunga og 2 poeng føre Tors Utvalgte, Quiztorn og Dei Hjelpelause. Korleis låg dei normalt sett sterke laga QF og HBO an utan sine lagkapteinar, lurer du kanskje på? Heller dårleg. På grensa til katastrofalt. QF allereie 5 poeng bak teten, medan HBO var akterutseilt heile 9 poeng bak. Forøvrig låg både Dei Sporadiske og Blanda Drops på skothald, 4 poeng bak BJoP.

Ark 3 handla i kveld om Katastrofar og Storbritannia. Spanande tema. Og laga, med unntak av Hakke Peiling (som ikkje gjorde lagnamnet sitt til skamme ved dette høvet) leverte også gode svar på dei fryktelig gode spørsmåla. Eit snitt på 12 av 16 poeng vitnar enten om for lette spørsmål eller om at de er sylskarpe. Skarpast av laga var Lex Lodney og BJoP som kunne notera seg for tre ganger 20 i stil og alt rett. Bravo! Quiztorn får også ein high-five for sine 15 poeng. QM derimot, han må tåla ein kolsvart kamel for sitt horrible fasitsvar Kviterussland på spørsmålet om Tsjernobyl. Pinleg. Utilgiveleg. Skandale. Helga vert tilbrakt i skam. Sidan laga stort sett var gode over heile linja var det ikkje mange spørsmål som gjekk under kategorien vanskelege. Likevel må det nemnast at Dei Sporadiske bør dobbeltsjekka potemanien før neste Englandstur. Ta heller med dykk Cent'ane dykkar til USA. Hehe.

Om lag halvparten av laga visste kva CNN er ei forkorting for på første spørsmålet på Lett Blanding arket. Svært mange alternative gode forslag utanom. Øverland, Mamelukk og Trionetta visste dei fleste, medan Anitra frå Peer Gynt var litt verre. Erik Bye sin "Gå til Onkel" resulterte i masse politi-svar. Berre 6/17 lag visste det var pantelånaren me skulle fram til. Elles ville mange ha Hillary Clinton som ei av dei to første kvinnelege utanriksministrane i USA (Albright og Rice), medan Samantha Fox sin hit Touch Me var arkets nøtt. Berre 6/17 lag nagla den. Til slutt handla det om byar i USA, og berre BJoP og LL kunne plassera alle fire byar i korrekt delstat. Mykje fantasifulle forslag her som kunne minna om pilkast med bind for augo mot eit USA-kart. Beste lag var Lex Lodney som henta 13 av 15 poeng. Eit snitt på 9 poeng vitnar om eit halvvrient ark.

Biletearket skulle ikkje vere alt for utfordrande denne kvelden. Laga snitta på dryge 11 poeng og best var BJoP og Blanda Drops som berre hadde eit bilete feil. Også Lex Lodney, Quiztorn, QF og Furuly 4 Ever leverte bra med 13 poeng. Bileta av WWF, Warhol, Fantorangen, NBC, Timberlake, Ayers Rock, Ek Hagen, The Americans og Kirk Douglas resulterte berre i totalt 14 feilsvar. Meget bra! Elles jamnt over ok innsats. Verst var det med Paradise-Pierre. Berre BJoP og QF hadde rett etternamn og dermed poeng på dette.

Jackpotquizen skulle i kveld gi oss ein draumeduell mellom haustsesongens to beste jackpotgrossistar. I første semifinale møttes nemleg varaordførar Jakob og Nils. Og som så ofte før er dei eldste eldst. Jakob var som vanleg tidleg ute, men når ein ikkje har greie på opera vart forslaget om at det var Verdi som komponerte Den Flyvende Hollender heller litt flaut. Trudde dette var elementær kunnskap alle varaordførarar sat inne med? Nils derimot, han hadde kontroll og svara rolig at det var Wagner som var komponisten. Neste duell stod mellom Rolf frå Hakke Peiling og jommen santen meg Jakob igjen. Og denne gong fekk han sin revansje. Sjølv om ingen av dei hadde greie på Amaretto, var han likevel raskt ute med rett svar på spørsmålet om kva ein Fender Stratocaster vert brukt til. Jo, den spelar ein på (gitar). Dermed var det duka for nok ein duell mellom Jakob og Nils i finalen. Spørsmålet: Kva instrument spelte jazzlegenden Charlie Parker? Jakob var nok ein gong først ute (i ordets rette forstand). Med forslaget Trompet (huff og huff) nærast forærte han dei 1000 kronene til sin nemesis for kvelden. Nils svara sjøvsagt rett (saksofon - noko heile salen visste) og kunne innkassera jackpot nummer to av to for året. Gratulera!

Over til sluttstillinga og premiefordeling. Nok ein gong masse lag på 60 poeng pluss. Heile tolv lag over den magiske grensa(?) i kveld. Har Det På Tunga falt litt av utover quizen og havna på 8.plass med 65 poeng. På plassane over kom QF med skuffande 66p, Dei Hjelpelause med 67p og Quiztorn med 68p og ein sterk 5.plass i comebacket. Den sure 4.plassen gjekk i kveld til Tors Utvalgte. Dei hamna á poeng med Blanda Drops (69p), men måtte sjå seg slått på færre rette bilete. Dermed var altså BD tilbake på pallen og kunne innkassera gåvekort på pizza. Lex Lodney tok ein ny fin 2.plass med sine 70p. Ein god start på året resulterar i at dei leiar samanlagt. Kveldens vinnarlag vart Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Med 76p sørga dei for årets andre utklassingssiger. Sterk innsats og gratulerar med triumfen gode folk!

Comebacklaget Quiztorn vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til 100 Dagar arrangementet på Arena 26. og 27. januar. God fornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein briljant kveld og vel møtt igjen torsdag 18.januar til ny quiz!

Resultat quiz 2 av 15 våren 2018 - 11.januar:
(Trykk på bileta for større visning)














Samanlagtstilling etter 02 av 15 rundar:













Alle spørsmål med fasit:







fredag 5. januar 2018

Torsdagsquiz 01 - 4.januar 2018





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 lag deltok og snittscoren var på dryge 60 poeng (av totalt 85 moglege).

Godt nytt år! Endeleg tid for quiz igjen! Nytt år og blanke ark. Tre lange juleveker er over og det er tid for kvardag, striskjorta og havrelefsa igjen. Kva er då betre enn å samlast i varmen på Arena ein kald torsdagskveld med god mat, godt i glaset og litt trimming av dei små grå?

Vanlegvis startar ikkje quizen opp før andre veka over nyttår, men i år hoppa me i det så snart som råd. Og mange lag hadde kjent si vitjingstid og stilte lag. Veldig bra med 18 påmeldte lag. Reknar med fleire av dei "faste" laga kjem etterkvart, men det er også von om at fleire nye lag prøvar seg.

Årets første svarark skulle omhandla ting og tang som har skjedd siste vekene når me har hatt quizpause. Og det var om mogleg litt for enkelt. Eller følgjer de så godt med inni mellom julefeiring, fest og moro? Imponerande. Best av alle var haustsesongens samanlagtvinnarar QF som starta kvelden med full pott. Heile seks lag henta 20 av 21 poeng, medan to lag kom frå det med to små feil. Mest ufordrande var det nok å treffa på begge ministerpostane Trond Giske hadde i Stoltenberg II. Også navnet på skodespelaren som spelar Saga Norén i Broen var vrien for enkelte. Kanskje kveldens morosamaste svar stod Dei Sporadiske for her, i alle høve for underteikna. Dei prøvde seg med Sofia Loren. Flotte damer begge to, men kanskje litt stort sprik i alder. Hehe. Elles imponert (nok ein gong) over kor godt de følgjer med. Alt frå romjulscup via dart(!) til skihopping hadde de god kontroll på.

Om det er dykkar musikksmak det er noko gale med, eller min, er uvisst. Men kveldens fem låtar på musikkquizen var spådd til å verta plankekøyring. Så feil kan ein ta. Beatles, Bee Gees, Boyzone, U2 og bandet fun. skulle ein tru dei fleste hadde oversikt over. Den gong ei. Stort sett slett score på samtlege lag gav dårleg poenghausting. Her må tydlegvis QM leggje seg ned på eit nærast parodisk enkelt Geir-nivå når det kjem til valet av låtar om laga skal scora betre. Det gjenstår å sjå om det skjer. Betre innsats var det då på Film -og TV-delen. Ein OK score på arket vart for mange berga her. Men når det vert spørt "Kva heiter dei to?" på spørsmålet om Mesternes Mester, kan ein undra seg om enkelte lag er tilstades. Opptil fleire lag prøvde seg her på svara "Sykling" og "Hopp". Huff og huff. Honnør til Har Det På Tunga som henta 15 poeng på andrearket, og dermed var best i klassen. Beste augneblikk på andrearket: Ansiktet til Beatlesfantast Tor som lyste opp heile lokalet då A Day in the Life vart spela over høgtalaranlegget.

Rop Ut Quizen halvegs skulle gi oss to duellantar som har gjort det skarpt "oppe på podiet" tidlegare. Nils (LL) tok første finaleplass då han var først ut med rett svar Innsbruck på kva by som har arrangert Vinter-OL meir enn éin gong, og som er først i alfabetet (dei andre to er Lake Placid og St. Moritz). Solveig frå Dei Hjelpelause visste kva bok/film me møter hesten Miramis (Mio, min Mio) og vart dermed andre finalist. Når då QM drar opp eit spørsmål om Marcus og Martinus i finalen sa nesten vinnaren seg sjølv. Dette visste såklart Solveig, medan heile salen nok var glade for at ikkje Nils kunne også dette. Hehe. Gratulera til Solveig og god kinostund.

Halvvegs var det Har Det På Tunga som hadde kome best i gang. Dei hadde to poeng ned til QF og BJoP. Poenget bak dei to samanlagtkanonene låg Tors Utvalgte og Dei Hjelpelause. Også LL, HBO og Da e'kje Nåke å Diskutera (tidlegare Bord XX) hang godt med (30 poeng).

Ark 3 skulle i kveld by på 60-talet og politiske parti. Og med både fleire "seniorar" og aktive politikarar som faste quizdeltakerar måtte vel disse kategoriane resultera i gode scores. Og det gjorde det. Eit snitt på 12 poeng (av 16) vitna om at dette var midt i blinken for dei fleste. Spørsmålet flest lag bomma på var plagget frå '62. Mange svara bikini her. Den var nok tidlegare ute (40-talet). Best av alle var Dei Sporadiske som fleska til med samtlege rette svar. Prima innsats! Også HBO og QF gjorde det skarpt med berre éin feil. Mest oppsiktsvekkande var det at BJoP måtte avgi heile åtte poeng på dette arket. Utan varaordføraren, og i følge dei sjølve med berre politisk uinteresserte deltakarar i kveld, vart det eit blytungt ark.

Også arket med lett blanding skulle gi mykje gode scores i kveld. Eit snitt på 11 av 15 er bra. Lex Lodney tok full pott, medan QF scora 14 poeng. Spørsmåla flest sleit med var fangenummeret til Mandela, kva USB står for og engelsk staving. Svært få lag tok alle dei tre engelske orda. What an embarrassment. Høhø.

Biletearket var kanskje hakket verre enn det plar vere i kveld. Anyohaseyo og FIA HOFA fekk det tøft her, og makta berre å prikka inn seks rette. Fin innsats av LL og HBO som hadde 12 rette, men endo betre av Da e'kje Nåke å Diskutera som henta 13 poeng. I kveld hadde dette veteranlaget gjort ein genistrek med å ta med seg tidlegare quiz-servitør Marie på laget. Med ungdommelig mot og ekspertise heva ho nok laget betrakteleg i kveld. QF er som regel grisegode på bilete, og QM slit hardt med å finna noko som kan setja dei fast. Så var dei også i kveld. Alt rett! Det er tydeleg at de ikkje saknar gamle lagmedlemmar ein plass.

Jackpotquizen vart naturleg litt spe i kveld sidan Jakob prioriterte planlegging av juletresal 11 månadar fram i tid. Potten enda dermed på beskjedne 640 kroner. Første semifinale stod mellom Atle frå Anyohaseyo (eit lag på veg ut av dørane FØR quizen var ferdig) mot Thomas frå Dei Hjelpelause. Her måtte kandidatane heilt til tredje spørsmål før me fekk rett svar. Thomas visste nemleg at det var Madonna som stod bak skiva Ray of Light. I andre semi møttes Trond frå BJOP og Nils frå LL. Her var det Nils som kunne sin geografi best (Korfu har kortast sjøveg til Albania) og dermed kvalifiserte seg til finalen mot Thomas. I finalen fekk dei spørsmål om kven som vart Noregs første kvinnelege forsvarsminister, og det var ikkje lange tenketida Nils trong før han prikka inn rett svar: Eldbjørg Løwer. Grattis med 640kr og ein god start på det nye året, Nils!

Heile ti lag enda på "60-talet" poengmessig i kveld, med siste vinnar før jul Blanda Drops nederst på ein skuffande 12.plass. Har de festa for mykje i jula og mista grepet? Dei Hjelpelause og Tors Utvalgte var tre poeng unna pallen med sine 66 poeng og enda på ein delt sjetteplass. På femte kom Heise Bra Opplegg med poenget meir. Skuffande innsats på Lett Blanding arket øydela nok for deira ambisjonar om pallplass. Spesielt skein det gjennom her at Per Jarle og co ikkje har snøring på handball! Kanskje det blir Damehandball delt på Herrehandball på ark 3 neste torsdag. Haha. Rett utanfor pallen på den sure fjerdeplassen hamna Har Det På Tunga som leia halvvegs. 68 poeng er likevel ein sterk score. Så, mine damer og herrer, tru det eller ei: På pallen for første gong kom altså laget til tidlegare QM Sverre: Da e'kje Nåke å Diskutera (hyllest til Hølet). Folk måtte gni seg i øyrene (er det eit uttrykk?!) når tredjeplassen vart offentleggjort. Utrulig! Surrealistisk! Står verda til påske no?! Spådom: Om Marie ikkje er med neste torsdag er dei nok trygt tilbake på ein ca. 12. plass. Hehe. Til info for dei hårsåre (ikkje Sverre i alle fall, sidan han ikkje har hår): Dersom ein er like breial og kranglete som det nettopp Sverre var på kveldens quiz, då fortenar ein litt harsellas tilbake. Veeeel, nok om det. Kveldens 2.plass gjekk til Nils, Sissel og Tveita-brørne på Lex Lodney. Dei henta 71 poeng og bør vera nøgde med scoren. Hadde dei berre vert litt skarpare på musikkdelen, kunne dei nok gjerne ha utfordra kveldens suverene vinnarar. For det var ingenting å gjere med QF i kveld. Med heile 77 poeng kledde dei av dei andre laga i kveld. Utklassing! Det ryktast at både Tarjei og Einar var i storform i kveld. Ryktene seier også at Marius hardnakka ville ha det til at USB stod for Universal Storage Device. Hehe. Litt i same gate som at NSB står for Norges Dysleksiforbund? (Ja, eg veit eg er frekk no, ikkje ta dykk nær av det). Om de leitar, finn de nok flust av skriveleif her i quizbloggen òg. Uansett: Gratulera til kveldens vinnarlag!

Heise Bra Opplegg vart denne gong belønna med to gratisbillettar til 100 Dagar arrangementet på Arena 26. og 27. januar sidan dei ikkje hadde peiling på handball. Dette arrangementet må de få med dykk! (Ja, eg får betalt for å reklamera). Sjekk sak frå stord24.no her og ting billettar her.

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein smæsjing kveld og vel møtt igjen torsdag 11.januar til ny quiz!

Til info: Kategoriar på tredjearket neste torsdag vert Katastrofar / Storbritannia.

Resultat quiz 1 av 15 våren 2018 - 4.januar:
(Trykk på bileta for større visning)















Alle spørsmål med fasit:



onsdag 20. desember 2017

Torsdagsquiz Haust 2017 - Statistikk





Statistikk for haustsesongen 2017

00046 - Det var totalt 46 ulike lag som deltok.
00308 - 308 bord var besatt på 15 quizar.
00020 - Dette gir eit snitt på 20,53 deltakande lag per quiz.
01540 - 1540 svarark vart levert inn.
01540 - Også 1540 svarark vart retta. Litt av ein jobb, eller kva seier de lærarar?
00018 - 18 lag var på 10 eller fleire quizar.
00024 - 24 lag var på 7 eller fleire quizar.
00016 - 16 lag var på berre éin quiz.
01275 - 1275 poeng var oppnåeleg totalt på 15 quizar.
00060 - Snittet totalt for alle lag var på dryge 60 poeng (av 85p oppnåeleg per quiz).

15000 - Det vart delt ut totalt 15.000 kroner i gåvekort.
00016 - Det vart delt ut 16 stk store pizza.
00027 - Det vart delt ut 27 kinobillettar .
00025 - Det vart delt ut 25 billettar til konsertar / events på Arena denne hausten.

00011 - 11 ulike lag var på pallen.
00006 - 6 ulike lag vann minst éin gong.
00007 - BJoP vann quizen flest gongar med sine sju sigrar.
00015 - QF var på pallen alle 15 quizar: fire sigrar, sju 2.plassar og fire 3.plassar.
00011 - BJoP var på pallen 11 gongar: sju sigrar og fire 2.plassar.
00004 - Fire lag vann quizen éin gong: BSES, Dei Sporadiske, HBO og Blanda Drops.

05700 - Bjelland Juletre og Pyntegrønt samla flest kroner i gåvekort: 5700,-
05600 - Quizteleg Fjolleparti samla mest verdi med 5600,- i gåvekort og 4 stk pizza.

00011 - 11 ulike personar vann kinobillettar i Rop-Ut-Quizen.
00002 - Oddmund og Solveig gjekk begge til topps 2 gongar.

00005 - 5 ulike personar vann Jackpotquizen.
00004 - 4 gongar gjekk Jackpoten videre til neste veke.
04070 - Jakob vann Jackpoten flest gongar: 5 triumfar. Totalt sopa han inn 4070 kroner.
03790 - Nils vann Jackpoten 3 gongar. Dette resulterte i 3790 kroner.
02955 - Øystein Vegar vann haustens største Jackpot (trippel). Den var på 2955 kroner.
01900 - Stian vann 1900 kroner på Jackpotquizen (dobbel).
00830 - Ingvild vann 830 kroner på Jackpotquizen.
13545 - Det vart totalt kjøpt lodd for 13545 kroner.

00015 - Oddmund drakk flest koppar med kaffi: 15 stk
00045 - Øystein Vegar åt flest tapasrettar: 45 stk
00085 - Wenche åt flest soltørka tomater: 85 stk
00129 - Arve drakk flest pils: 129 stk
00039 - Fonna i Krise og Dei Sporadiske drakk flest Cappucino: Begge med 39 stk
00060 - Jon drakk flest glas med sodavatn: 60 stk
00100 - Geir var den med høgast sex-appeal. Han oppnådde ein score på 100%.

Topp 20 liste med snittscore for laga med 9 quizar eller fleire:


fredag 15. desember 2017

Torsdagsquiz 15 - 14.desember 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

18 lag deltok og snittscoren var på litt skuffande 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Så var det klart for årets siste quiz! 18 lag hadde tatt turen og med julete musikk over høgtalaranlegget låg alt til rette for ein glitrande kveld.

Førstearket med aktuelle spørsmål varierte frå 12 poeng av dei vanlege 21 og til strålande full pott! Blanda Drops hadde gjort heimeleksa si denne veka og imponerte med alle rett. Bravo! Også god innsats av Anyohaseyo, Dei Sporadiske, QF og BJoP som henta 19 poeng. Vanskelegaste spørsmål på arket var navnet på ICAN-leiaren (berre 3 lag kunne namnet hennar), nyorda (kun 4 lag med full pott her), samt namnet på busstasjonen i NYC. Berre 4 lag visste dette. Utanom dette var kan henda tilbakeblikket på Oscarutdelinga vanskeleg å hugsa. 8 lag prikka inn 2 av 2 poeng her.

På musikkdelen kom tre lag frå det med 9 av 10 poeng: Blanda Drops, Stord BTK og QF. Bra! Verste songar her var Janet Jackson sin hit Together Again som berre to lag kunne. Også Counting Crows sin låt Accidentally in Love frå filmen Shrek bydde på problem. 4 lag hadde både artist og namn på låt rett. Elles var det stort sett bra innsats! På film/TV delen var det mogleg litt verre. Berre HBO hugsa namnet på serien En Vakker Dag. Og berre sju av atten lag hadde rett rangering på Brad Pitt filmane. Utanom dette var det jamnt over ålreit innsats. Furuly 4 Ever, HBO og Dei Hjelpelause kom frå det med berre tre feil på arket totalt sett, medan Blanda Drops igjen var best med 16 av 18 poeng. I kveld var dei på hugget!

Rop Ut Quizen halvvegs enda i ein finale mellom Oddmund frå HBO og Njål frå Stord BTK. Oddmund hadde kontroll på antal Oscars til Frihetens Regn (ingen), medan Njål kunne sin swahili (Hakuna Matata). I finalen nagla Oddmund spørsmålet om Chaplin og skoa han åt. Dei var laga av lakris. Grattis med kinobillettar, Oddmund!

Halvvegs hadde Blanda Drops fått seg ei sterk luke på 3 poeng ned til dei næraste utfordrerane. Fleire lag på skothald, så dette kom til å verta spanande.

På tredjearket i kveld dreia det seg om Hjul delt på Jul. Kunne dette vere noko for laga? Alle kom godt i gong. 18 av 18 lag kunne spørsmålet om barnevogna. 8 av 18 lag hadde rett på både Harley og Hjul på andre språk. Verre var det med traktor og koffert på spørsmål 4. Berre to lag nagla begge to. Til slutt på trøyene frå dei største sykkelritta var det åtte lag som hadde alle tre. Over til spørsmål om jul. Åtte lag kunne sine julekakeoppskrifar og fattigmann. Også åtte lag visste at sirupsnippar vert kalla spekulasier i Bergen. Snappelasjer, Bord 9? Huff og huff. Jul og kristendom var dei fleste gode på, medan halvparten av laga hadde kontroll på Amelies jul. Til slutt var det fire lag som hadde begge rett på litteraturspørsmåla.

Årets siste spørsmålsark var som vanleg ein blanda miks. Spørsmålet som var verst var det om bretting av papir. Berre Hakke Peiling kunne dette. Elles var spørsmåla om cricket og gullflyndre utfordrande. Fem lag visste at ein cricketbane er oval (rund og elliptisk ikkje godkjent), medan fem lag hadde rett med rødspette som eit meir kjent namn på gullflyndre. Overraskande her at fiskeeksperten Asmund bomma på denne! Smørflyndre? Hmm. På sportsnøtta til slutt var to av laga imponerande. FIA HOFA og Blanda Drops tok fem av seks som har teke OL-gull på 5 mila. Berre Thorleif Haug frå 1924 mangla. Veldig bra! Resten av spørsmåla på arket var dei fleste lag on top of. Beste (verste) svar må vere Dei Sporadiske som konkluderte med at heile 10% kan sleika sin eigen olboge. Hehehe. Elles litt urovekkande at QF trudde Besserudtjernet låg i Romerriket. LOL.

Jackpotquizen gav i kveld stusselege 710kr. Lavara enn vanleg, men så var ikkje Nils på plass i kveld. Han lika jo lodd. Første semi var mellom Jakob og Asmund, begge frå BJoP. Og her var Jakob best når han briljerte med avansert bibelkunnskap (Metusalem). I andre semi var det Oddvar (BJoP) og Frode (Tors Utvalgte) sin tur. Her gjekk Frode sigrande ut. Han visste at Snåsa ligg i Nord-Trøndelag. Då hadde dei først blitt stilt til veggs med Flintstones. Ingen visste det var i den fiktive byen Bedrock denne teikneserien føregjekk. I finalen handla det om fotball. Kven har scora mest mål i Premier League sidan starten i 1992? Og dette visste Jakob. Alan Shearer. For ein legende! Shearer, alstå. Grattis Jakob! Kjøp no noko fint til fruen til jul.

Så var det klart for oppsummering. Og jommen stod dei sneddne jentene (+ eit par skarpe eldre herremenn) distansen! Med heile 7 poeng føre dei andre laga stod dei for ei real utklassing i kveld! Applaus! QF sneik seg til andreplassen føre HBO. Dei var à poeng, men QF tok dei på fleire bilete. Grattis til laga på pallen! Tors Utvalgte avslutta året med ein 4.plass, BJoP kom på femte, medan dei tedrikkande jentene på Furly 4 Ever tok ein fin 6.plass.

Samanlagt var det ingenting å gjere med QF. Dei slo rivalane BJoP med 3 poeng og enda dermed 16 poeng føre totalt. Lex Lodney tok 3.plassen med eit naudskrik, berre 2 poeng føre HBO som kom sterkt mot slutten. Mon tru om Nils og co hadde kalkulert dette, sidan dei ikkje stilte på årets siste quiz? Gratulera til alle tre laga på pallen! Reknar med alle dykk andre er gira på å slå dei i vårsesongen?!

Tre lag stilte på samtlege 15 quizar: Dei Hjelpelause, Bjelland Juletre og Pyntegrønt samt samanlagtvinnar Quizteleg Fjolleparti. Samanlagtvinnarane var også laget med best snittscore denne hausten. Dei snitta på 71,4 poeng. Sterkt! Hakk i hæl kom BJoP med eit snitt på 70,7.

Tors Utvalgte vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Poporkesteret  på Arena 3.juledag. God konsertfornøyelse kjekke folk!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein julete kveld og vel møtt igjen torsdag 4.januar til ein ny quizsesong!

Resultat quiz 15 av 15 hausten 2017 - 14.desember:
(Trykk på bileta for større visning)













Samanlagtstilling etter 15 av 15 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:






fredag 8. desember 2017

Torsdagsquiz 14 - 07.desember 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

20 lag deltok og snittscoren var på 59 poeng (av totalt 85 moglege).

I kveld var det skikkeleg quizvêr ute, så kjekt at 20 lag hadde tatt turen inn i varmen på Arena. Dette til trass for både vanskelege parkeringstilhøve og ei travel førjulsstrid. Lat oss håpa Jakob tar opp parkeringstilhøva i neste kommunestyremøte, slik at vårsesongen av quizen kan gå utan å gjere deltakerane til fant. Folk var tidleg ute i kveld, og fekk servert litt lettbeint julemusikk inni mellom anna snadder. Og når Oddmund hadde fått kaffikoppen sin var me alle klare for dyst.

Første runde med aktuelle spørsmål skulle i kveld resultere i eit snitt på 15 poeng av dei vanlege 21 oppnåelege. Som vanleg var det Lex Lodney som dreiv ap med dei andre laga og kunne bokføra ein god start med finfine 19 poeng. Også god start for Anyohaseyo, Har Det på Tunga og Dei Sporadiske med 18 poeng i banken. Mykje overkommelege spørsmål på startarket denne gong, men spesielt fire av spørsmåla skapte gråe hår. På første oppgåva kunne ein henta fire poeng om ein hadde kunnskap om IOC, OL, doping og Russland. Berre fire lag tok alle: HBO, Sviskene, Furuly 4 Ever og Blanda Drops. Spørsmål 4 handla om The Voice, og berre 9 av 20 lag henta 3 poeng. Også spørsmål 5 om maraton resulterte i 9 lag med begge rett. Til slutt var det sisteoppgåva som var arkets vanskelegaste. Berre LL og HBO nagla både filmtittel og skodespelar. Godt levert!

På musikkdelen fekk endeleg skohandlar Einar 60-talsmusikken sin og kunne smila frå topp til tå. Og sjølvsagt visste han både artist og namn på låt her. Saman med Stord BTK var det seks andre lag som tok begge. Elles mykje ymse forslag, med alt frå Roy Orbison til Everly Brothers. 80-tals rap med legendariske Run-DMC hadde 17 av 20 lag kontroll på. Imponerande! Verre då med 90-talet. Dei fleste kunne tittelen Torn, men berre halvparten av laga drog kjensel på stemmeprakten til Trine Rein. Andre som har tenkt tanken om at det var opplagt at jegeren Lars Monsen sjølvsagt måtte nedlegga ein Rein? Høhø. Seks av laga gjekk i Imbruglia-fella, medan nokre lag trudde det var Alanis Morisette(!). Train sin hit Hey, Soul Sister tok 9 av laga, medan 8 lag tok Sondre Justad sin låt. Berre tre lag scora 10 poeng og full pott på musikkdelen: Stord BTK, Dei Sporadiske og Blanda Drops. Men mykje gode scorar elles òg. På filmdelen var det berre QF som tok alle. Sju lag bomma på filmen til Bruce Willis, halvparten av laga hadde Muldvarpen (mange her med Villa Medusa og Bigbrother), også halvparten med rett på Gene Hackman. Når det kom til Manshow fekk 8 lag begge svar rett. Verste spørsmål var det siste. Her var det berre seks lag som greide alle tre rett. Oppsiktsvekkande få som visste kven David Brent er?! Sjå The Office UK! Strålande serie, folkens.

På Rop Ut Quizen halvvegs var det to gjengangerar som skulle møtast i finalen. Jakob sikra seg først plass ved å svara rett på kva einaste flagg som er svart og raudt er: Albania. Solveig frå Dei Hjelpelause vart motstandar ved å svara rett på kva ein kallar ein som lagar damehattar: Modist. I finalen fekk dei følgjande spørsmål: Kven har stemma til Ludvig i Flåklypa Grand Prix frå 1975? Etter litt tenkjetid prøvde Jakob seg: Leif Juster? Nei nei nei. Alle veit jo at det er Juster som har forteljarstemma her, Jakob? Solveig derimot, ho hadde is i magen og drog rett svar opp frå damehatten når Jakob feila kapitalt: Toralv Maurstad. God kinofornøyelse!

Halvvegs var det Dei Sporadiske som hadde kome best i gong. Med 34p hadde dei poenget ned til QF og Blanda Drops. Stord BTK og BJOP hadde henta 32p, medan LL låg på 31p.

Ark 3 skulle i kveld dreia seg om Norsk Vintersport og Mytologi. Det såg ut som disse tema skulle falle i god smak. Snitt på 12 poeng av 16 oppnåelege er bra. Imponerande 13 av 20 lag visste det var Mange Myrmo som var siste verdsmeister på treski. Skihoppingsspørsmålet tok halvparten av laga. 19 av svara var Espen Bredesen, men mange bomma altså på bakkestørrelsen. Sonja Henie hadde dei fleste kontroll på. Mest rystande svar her kom frå Stord BTK. Dei fleska like godt til med årstalet 1939. Verkeleg? Og de kallar dykk sportsinteresserte? Trudde alle visste at OL kun føregår i partalsår? Tydelegvis ikkje. Huff og huff. Kulekjøring resulterte i 17 lag med full pott og trepoengsoppgåva gav 13 lag med alle rett. Veldig bra! Fire av laga hadde alle rett og 8 poeng: Tors Utvalgte, HBO, Har Det På Tunga og Lex Lodney. Så over til mytologi. Det skulle byrja enkelt. Anubis klarte 19 av 20 lag å kopla til Egypt. Berre QF bomma på dette. LOL. Balder og Breidablikk var visst verre. Berre tre lag visste dette. Betre då med Ikaros. Kun to lag med feil. Til slutt handla det om kjærleik og hav. Kjærleik kan de: 16 lag med begge rett. Dei tre havgudane visste 8 av laga. Ingen lag med toppscore på mytologi, men dei fleste kom frå det greit. Totalt sett på tredjearket var det tre lag som kom frå det med berre éin feil: LL, HBO og HDPT.

Lett Blanding inneholdt fleire fiffige spørsmål i kveld. Berre éitt lag bomma på Estragon. Medan Niagara Falls var det berre fire lag som gjennomskua. Fire lag må heim og læra seg å rekna, og åtte av laga må spela meir Tetris. Vanskelegaste spørsmål var kva PA står for i rett samanheng. Berre to lag visste dette var Public Address. På Geonøtta til slutt var det seks lag som tok alle nabolanda til India: LL, BD, QF, BJoP, samt begge debutantlaga Tung Ballast og Røyksundsgjengen. Bra! Beste score stod QF for med 14 av 15 poeng. Elles verdt å nemna at Bord 20 henta stusselege 6 poeng. Dei trudde blant anna at India berre grensar til to land. Og det på eit spørsmål verdt 6 poeng. Ouch.

Biletearket hadde i kveld eit snitt på dryge 10 poeng. Dette skulle bety at fleire lag gjorde det skarpt. Bileta med flest feil var: Nokia 1610/1611 (17 feil), Manx-katten (14 feil) og Anna Faris (17 feil). Mange tippa her både Britney Spears, Ashley Simpson og Heather Locklear. Ikkje ueinig at godaste Anno likna på dei alle. Elles bomma ni lag på biletet frå Woodstock i '69, og ni lag tippa filmbiletet var frå Brødrene Løvehjerte og ikkje Mio min Mio. På resten av bileta var det stort sett veldig bra! Verste svar stod nok ein gong Bord 20 for. Dei var einaste lag som bomma på kartet av Rhinen. Amstel, tippa dei. Drukke for mykje nederlandsk øl?

Klart for Jackpotquiz! Og det kjekkaste med den i kveld var at den allereie hadde 900kr frå førre torsdag i seg. Konstanse gjorde ein god jobb med loddsalet og den totale potten enda på fine 2020kr. Første lodd var rosa. L for Lars. 26. Kven kunne det vere? Ingen meldte seg. Hm. Kva kan ha skjedd her? Førjulsmysterium. Hadde loddkjøpar gått heim eller ønska ikkje den heldige 15 seconds of fame / shame? Nye lodd måtte trekkjast og det var kanonene Jakob og Oddmund som skulle duellera i første semifinale. Spørsmål: I kva land har Leopold I, II og III vert konge? Oddmund rista på hovudet. Jakob derimot, han heiv seg utpå: "Jakob! Belgia!" Så korrekt det kan bli! I neste semifinale vart eit nytt rosa lodd trekt. Også denne gong utan at nokon ville vedkjenna seg det. Spesielt! Konstanse? Kva har du balt med her? Hehe. Nye lodd resulterte i ein ny duell mellom Nils og... Nils! Den mannen er ikkje snau. Lodd, det likar han. Uansett tok han spørsmålet om lengde på ein handballbane på strak arm: 40 meter. Du er god! I finalen mellom Jakob og Nils vart følgjande spørsmål stilt: "Kva slags kjæledyr har du mest truleg dersom du er medlem av NORAK?". Dette var tydlegvis ikkje noko for finalistane. Det vart stille frå begge. Likevel trylla til slutt Nils fram det rette svaret: Katt. NORAK står altså for Norsk Rasekattklubb. Reknar med eigaren av katten Harry på Dei Sporadiske er medlem her?! Uansett, gratulera til Nils! Reknar med du kjøper fine julegåver til dine lagkameratar i år?!

Dei Sporadiske leia altså halvvegs. Og etter tredjearket hadde dei opparbeidda seg ei luke på 2 poeng ned til QF, BJoP og Blanda Drops. Ville dei stå distansen?! Det skulle bli frykteleg jamnt i toppen i kveld. Blanda Drops kollapsa fullstendig både på Lett Blanding og biletearket og enda på ein skuffande sjetteplass saman med Stord BTK (anno 1939). HBO tok seg opp mot slutten og enda på femteplassen poenget føre. LL gjorde nok ein god quiz, men enda på den sure fjerdeplassen, to poeng bak pallen. Det var nemleg Dei Sporadiske og The Usual Suspects, samanlagtkanonene QF og BJoP det skulle stå mellom. Og utruleg nok enda alle laga på same poengsum; 72. Dermed måtte biletearket avgjer. Dei Sporadiske hadde 12 av 15. Kunne det holda? Neida. Begge dei andre laga hadde nemleg poenget meir. Dermed ein bitter 3.plass og pizza på den trivelege gjengen. For n'te gong skulle det altså stå mellom QF og BJoP. Og når dei var like gode på bileta måtte beste enkeltark utanom avgjer. Også her var dei like. 17 vs 17 på førstearket. På ark 2 derimot, der skilde det éitt poeng mellom laga. Og når BJoP bomma på noko så enkelt som Muldvarpen, då fortena dei rett og slett ikkje sigeren i kveld. Hehe. Grattis til QF!

Samanlagt vil det vera uendra i teten. Framleis skiljer 9 poeng mellom QF og BJoP. Dette vert spanande neste veke! LL festa eit endo betre grep om 3.plassen. Dei har no 21 poeng ned til sine argaste konkurrentar. Behold for the grande finale next week, ladies and gentlemen!

Quizzvazz vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Stord Weather Shanty Choir på Arena 16.desember. God konsertfornøyelse kjekke jenter!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein magnificentisk kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 14 av 15 hausten 2017 - 07.desember:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 14 av 15 rundar:

















Alle spørsmål med fasit:





fredag 1. desember 2017

Torsdagsquiz 13 - 30.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

19 lag deltok og snittscoren var på katastrofale 56 poeng (av totalt 85 moglege).

Årets tredje siste quiz skulle visa seg å verta ei kattepina for mange av laga i dag. Mon tru om alt hysteriet rundt Black Friday og handling av julegåver har gått ut over quizfokuset? Eller var det faktisk slik denne kvelden at quizverten hadde stilt for høge krav til dei gode quizlaga? Kanskje var enkelte av spørsmåla for vankelege, men då har i alle høve mange lært seg noko nytt!? Så kan det heller diskuterast om det er nyttig kunnskap eller berre vissvass. Når klokka runda 20.00, og både Oddmund og Per Jarle frå HBO hadde fått registrert at quizverten hadde fått på seg ei svart skjorte denne kvelden, kunne me setja i gang.

På dei aktuelle spørsmåla på førstearket skulle uansett alle få ein god slash nokså god start. Ikkje all verden med umulige nøtter her. Dagens lokale spørsmål om handel og omsetnad skulle mange bomma på. Les de ikkje lokalavisa? Mange blanda også Mosjøen med Mo i Rana. På arkets siste spørsmål om bloggerne var det ingen som klarte alle. Eigentleg ganske betryggande. For med fare for å trakka nokon på "tedno" (dei på føtene, ikkje i munnen): Kven kastar vekk tid med å sjå på det der dritet utanom Geir? Eg lovar: Aldri meir quizspørsmål om blogging. Siste sort. Hehe. Elles var det urovekkande å sjå at somme lag er totalt på villspor når det kjem til fotball. De veit vel at fotball er det viktigaste som finst? Her såg det ut som fleire lag hadde lagt namna på fotballaga i ein hatt og trekt lappar vilkårleg. Sjerpings! Beste feilsvar på ark 1: Bord 18 sitt forslag på krigsforbrytaren som tok gift og døydde. Grautjik. Hev dåke, grauthovud. (Slapp av, eg veit dei er tjukkhuda og tolar litt harsellering). Best av alle på dei aktuelle spørsmåla var Lex Lodney med 19 poeng. Som vanleg er de sylskarpe på nyhende! Også god innsats av BJoP, Dei Hjelpelause og Anyohaseyo med 18p.

Kveldens utvalgte låtar på musikkdelen enda i nokså blanda innsats. Dei fleste hadde rett tittel på Hollies-sviska frå '69, men fleire mangla rett bandnamn. A-ha hadde dei fleste, men tittelen på songen var ikkje enkel. Kun 6 lag prikka inn denne. Tredjelåten skulle visa seg å vere verst. Kun Blanda Drops og Dei Hjelpelause kunne dette. Bra levert! Låt 4 hadde dei fleste, medan det framleis ser ut til at få følgjer med på hitlistene. De må vel snart ha gjennomskua at de kan tjena to poeng på å læra dykk litt nymotens musikk, slik som ungdomen lika? Film -og TV-delen var kanskje for lett i kveld? God innsats over heile linja. Verste spørsmål var det om Spielberg. Berre fire lag prikka inn begge filmane han har vunne Oscar for beste regissør for. Beste lag med 16 poeng: BJoP. Også framifrå innsats av dei kjekke jentene på Blanda Drops med 15 poeng.

Tid for Rop Ut Quiz. Første spørsmål dreia seg om Labbetuss. Kven spela denne rolla? Og sjølv om bartender Geir var vekke når spørsmålet vart stilt, høyrte han kanskje ropa frå salen. Nils (LL) er som vanleg årvaken, og var først ute med rett svar, som så mange ganger før. Neste spørsmål dreia seg om ein som drukna i eit smørauga. Fleire prøvde seg på Smørbukk, men til slutt satt det rette svaret for Solveig frå Dei Hjelpelause: Tommeliten. I finalen skulle kandidatane få bryna seg på José Cuervo. Kva produkt er det? Det vart stille. mange i salen såg nok for seg både salt, sitron og brekningar. Til slutt prøvde Nils seg med Tequila, noko som sjølvsagt er rett. God tur på kino, kunnskapsrike mann!

Halvvegs var det Bjellandsgjengen som hadde tatt føringa med 2 poeng ned til røkla. Skulle dei dra i land ein ny siger, eller ville ulvane bak henta dei inn?

Ark 3 skulle i kveld handla om Anatomi & Fysiologi delt på Førstedamer. Siste kategori etter ynskje frå Ellen på QF, som heller ikkje i kveld tok seg bryet med å stilla på quiz. Kjekkare å sitja heima og retta skuleoppgaver? Første kategorien gav store sprik. Alt frå glede til fortvilelse over dette temaet. Om lag halvparten av laga visste at eit menneske har 12 par ribbein. Really? Mange tippa 13. Nokon 11. Bord 18 klinka til med 7. Sju par, mine damer og herrer. For ikkje å snakka om leiarlaget, Bjelland Juletre og Pyntegrønt. Dei tippa 17. SYTTEN! De treng gjerne ikkje gå å handla pinnakjøt på Sagenes'en om de har så mange par ribbein til overs? Huff. Gonader gav mykje frekke tips. Berre 9 lag visste dette. Også knoklane i øyra var ei utfordring. 9 lag med full pott også her. Beste forslag må vere A Walk In The Park sitt: Skulder, kne og tå. Hehe. På kategorien til Ellen var det mykje gode svar. Dei fleste hadde kontroll både på Clementine, Jackie og Cecilia. Rangeringsoppgåva gav 8 rette svar. De tenkte kanskje at opplest rekkefølge aldri kan vere rett rekkefølge? Hehe. Til slutt var det 9 av 19 lag som klinka inn Willoch og Syse. Best av alle med 13 poeng: Quizzvazz og Dvergkasterane.

Ark 4 med Lett Blanding skulle visa seg å bli for lett for Nils og gjengen på Lex Lodney. 14 av 15 poeng på eit småvanskeleg ark er imponerande. Som 18 av 19 lag var det fruktspørsmålet dei bomma på. Adamseple fins faktisk i fruktdisken òg! Smørappelsin derimot. Ugh. Berre Anoyhaseyo tok denne. Overraskande få visste kor mange master ein brigg har. Berre fem lag! Og berre sju lag kunne nabolanda til Fransk Guyana. Fleire interessante tips også her. Både frå Afrika og Asia. Jeez louise, folkens. Elementær kartkunnskap må de kunna?! Hehe. Utanom LL var det berre Blanda Drops som nagla både bæra i skogsbæryoghurten OG dei 4 advokatpresidentane etter FDR. Bra jobba jenter!

Dei 15 bileta gav oss alt frå stusselege 6 til strålande 14 rette. Berre éin feil på både BJoP og QF. Det skulle verta rabalder i salen når quizverten annonserte Nalle-Maja som rett svar på biletet av Brummelise. Hahaha. Godt Solveig kunne læra quizverten litt om teikneseriefigurar. Det vart bestemt at begge svar ville gi poeng. Bamseline derimot. Nesten, men ikkje godt nok. Heile tre lag prøvde seg med Gunnhild Stordalen på biletet av roboten Sophia. Også grepa god sodd og havregraut var blant dei morosame tipsa. Overraskande få hadde rett på bandet Bee Gees, men også Jeff Daniels (9 rette) og Jeff Bezos (8 rette) gav laga problem. Vanskelegast: Sophia (6 rette) og Røldal (6 rette). Tilbake til laga med berre 6 rette. Jo, de tippa det kanskje? Bord 18, sjølvsagt. Saman med Statoillaget Anyohaseyo hadde dei berre 6 rette. Her må de få hovudet ut av... ja. Eit lite blinkefjes får me ta med her.

Jackpotquiz avsluttar som vanleg ein quizkveld. 90 lodd vart seld noko som gav 900 kroner i potten. I første semifinale var det to lagkameratar frå Lex Lodney som møttes: Nils og Stian. Ingen av kandidatane visste kor Bizet sin opera Carmen føregår (Sevilla), så då måtte nytt spørsmål til. Og her var det Nils som kunne sin geografi best. I kva land er Doha hovudstad? Jo, det er i Qatar. Dermed var Nils klar for jackpotfinalen nok ein gong. Denne mannen er rå! I neste semifinale var det duka for ein tungpolitisk duell mellom Olav frå AP og Bord 18 mot Jakob frå SP og BJoP. Spørsmålet dei fekk: Kven var den første som føyk solo over Atlanterhavet? Og dette visste begge. Men som alle veit er AP både større og sterkare enn SP, og har ei røyst som overgår motparten. Olav var nokre tiendedels sekund før Jakob, kanskje fordi han har ein bokstav mindre i namnet? Dermed fekk han æren av å svara korrekt: Lindbergh (Charles). Jakob tok det som vanleg med eit smil, heilt utan frustrasjon. Hehe. I finalen mellom Nils og Olav skulle det bli stille i salen. I alle fall stille frå dei to finalistane. Ein kunne likevel ane at det var fleire damer i salen som humra. Dei visste nemleg svaret. Og spørsmålet? Jo: Kva er ein Singer Quantum 9940? Og når både Nils og Olav skulda på at dei tenkte på singel, og ikkje Singer, då gjekk tida ut utan rette svar. Dermed dobbel jackpot neste torsdag! Og svaret på finalespørsmålet? Ein symaskin, sjølvsagt.

Over til kveldens resultatliste. Sjølv om Jakob ikkje fekk kloa i jackpoten i kveld, kunne han likevel smila om kapp med sine flinke lagkameratar. Bjelland Juletre og Pyntegrønt såg seg nemleg ikkje tilbake og utklassa alle dei andre konkurrentane. 71 poeng er vanlegvis ein score som ikkje skal holda til siger, men i kveld holdt det i massevis. Med heile fem poeng ned til Lex Lodney og sju poeng ned til QF på hhv 2. og 3. plass var dei suverene. HBO enda like utanfor pallen poenget bak QF (63p) og Blanda Drops tok ein ny fin 5. plass med 61 poeng.

Samanlagt jamnar det seg ut i kampen om gullet. BJoP henta ti poeng på QF og er no berre ni poeng bak med to quizar att. Elles festar LL grepet om tredjeplassen. Dei har 16 poeng ned til Dei Hjelpelause og 18 poeng ned til Bedre Seint Enn Sist, som ikkje stilte lag i kveld. Det kan visa seg å verta skjebnesvangert. HBO er ikkje heilt ute av kampen, men må fleska til inn mot jul for å henta 26 poeng på Lex Lodney.

Har Det På Tunga vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av to gratisbillettar til konsert med Stord Weather Shanty Choir på Arena 16.desember. God konsertfornøyelse gode folk!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Takk for ein fenometastisk kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 13 av 15 hausten 2017 - 30.november:
(Trykk på bileta for større visning)












Samanlagtstilling etter 13 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit: 



fredag 24. november 2017

Torsdagsquiz 12 - 23.november 2017





Under følgjer resultat, spørsmål og svar.

22 lag deltok og snittscoren var på dryge 61 poeng (av totalt 85 moglege).

Det drar seg verkeleg mot vinter med kaldt og surt vêr. Då er det godt å varma seg inne på Arena i trivielt lag. Godt oppmøte også denne gong, og Geir var tilbake i baren frå Europaturnéen. Spør om han lika å bytta fly? Frå kjøkkenet kunne me kjenne den nydelege eima av lutafisk. Alt var duka for ein god quizkveld.

Dei aktuelle spørsmåla gjekk unna og dei fleste gjorde det skarpt. Ingen med full pott denne gong, men tre lag kom frå det med 20 av 21 poeng: Tors Utvalgte, Lex Lodney og Blanda Drops som verka vera på hugget i kveld. Også seks lag med 19 poeng. Dei to vanskelegaste spørsmåla på førstearket var tittelen på boka til Kari Hilde French og kven som vann 15km for menn på Beitostølen (Krüger). Berre fem lag prikka inn ein av disse. Utanom var det kanskje for enkelt? Eller vil de ha ros for at de har stålkontroll på nyhende? Kanskje har de gjennomskua tankesettet til quizverten? Kven kveit, sa mannen, han skar opp hellefisk.

På musikkdelen var det god utteljing på både Sex Pistols, Michael Jackson, Fools Garden og Meat Loaf. Verre var det med den nye hiten til Taylor Swift. Kun Fonna i Krise ser ut til å fylgja med på hitlistene. Bra levert! Film -og TV-delen var også bra for dei fleste. Sjølvsagt utilgiveleg å ha feil i spørsmåla (sjølvkritikk tas), så spørsmålet om filmen Hook måtte diverre utgå (dvs alle fekk poeng uansett kva dei hadde svart). Rett år er 1991 og ikkje 1997, så klart. West Wing hadde dei fleste, så også med Todd og Copper. Mange hadde rett på spørsmålet fra TV-serien Venner og Fiender, med Triana Iglesias. Men her var det også fleire interessante tips både både Dorte Skappel, Vendela Kirsebom og Charlotte Thorstvedt. Forøvrig ein suveren serie de kan låna av Geir (han har alle episodane i opptak på VHS). Brødrene Dal spørsmålet prikka halvparten av laga inn. Men Bedre Seint Enn Sist, de må høyra etter på spørsmåla! Svaret Gaus, Roms og Brumund gir ikkje mykje poeng når de skal setta rett bror saman med rett skodespelar. Hehe.

På Rop-Ut-Quizen halvvegs var det Asmund frå BJoP (som har kontroll på geografien på Tysnes) og Kari frå HBO (som kan sin botanikk) som skulle gjer opp seg i mellom i finalen. Her var spørsmålet om kva land Shakespeare sin Hamlet kom frå. Og etter ein kunstpause frå Kari kom det rette svaret: Danmark. Til Jakob (lagkamerat av Asmund) sin store frustrasjon verka Asmund å vera heilt blank her. Black Friday betyr 3 for 2 også på Frugård, så Kari kan ta med seg to vener på kino. Grattis!

Halvvegs var det Heise Bra Opplegg som hadde komt best i gong. Med 35 poeng hadde dei skaffa seg ei luke på 2 poeng ned til neste lag. Uansett veldig jamnt nedover, så dette kom til å bli spanande.

Tredjearket i kveld skulle handla om Australia og Europeiske Kongehus. Siste tema vart valgt etter eit ønske frå Dei Sporadiske. Kanskje ikkje alle sitt favorittema?! Alle lag såg likevel ut til å kunne mykje om både landet down under og kongefamiliane. Med score fra 9p til 15p kom dei fleste greit i frå det. Tors Utvalgte best av alle med berre éin feil. Verste spørsmål var om etternamnet til Prins Philip (Mountbatten). Ellers var det mange som svara at bandet Crowded House var frå Australia. Nærme, men ikkje heilt rett. Dei kjem frå New Zealand. Forresten, Sverre: Kong Kurt av Nederland? Kven er det? Og QF: Vart operahuset i Sydney opna på 90-talet? Skivebom, ass.

Lett Blanding avsluttar som vanleg spørsmålsseansen. Som så ofte før skulle det vere ein smule vanskeleg. Til dømes så skuffa Bord 22 nok ein gong med berre 6 poeng. Det er 7 poeng tapt til HBO og QF som klarte 13, og var best av laga på blandingsen. Berre fire lag visste at eit fat med olje rommar 159 liter. Men visste tidlegare Olje -og Energiminister Olav det? I fylgje Sverre så hadde han ikkje snøring! Hehe. Spørsmålet om ~ teiknet over n'en i spansk (ñ) var også ei nøtt. Mon tru om de for evig og alltid vil hugsa at de kallast tilde? Eller går de for tussaladd igjen, dersom spørsmålet dukkar opp på ny til neste år, Stord Bordtennisklubb? Siste spørsmål som stakk størst kjeppar i hjula på laga var dødsåra til Saddam og bin Laden. Fire lag av 22 greide begge.

Biletearket hadde som vanleg store sprik i poengsum. Alt frå 7 poeng til 14, av 15 oppnåelege. Best i kveld var BJoP og QF som hadde 14. Dei Sporadiske som vanlegvis er rå på biletearket skuffa med berre 7 poeng. Eg anar at de ynskjer seg fleire kjendisfjes neste veke. Dei bileta laga sleit mest med var Iron Maiden (8 rette) og Hilarie Burton frå One Tree Hill (6 rette). 12 lag imponerte med god kartkunnskap og prikka inn Fuerteventura. Også 12 lag hadde rett på Angkor Wat. Stord Bordtennisklubb bes ta seg ein tur til Paris. Kanskje sjå litt på omgjevnadane og ikkje berre gå på pub? Versailles? Herleg tippa. Hehe. På bilete av nyleg avdøde AC/DC gitarist Malcolm Young var det mykje alternative tips: Mick Jagger? David Cassidy? Kim Larsen?

Til slutt var det klar for Jackpotquiz. Konstanse var flink å selja lodd i kveld og potten enda på 970kr. Først ut var Nils (LL) mot Atle (TU). Og dette kan Nils. Kva forfattar skreiv boka Naiv.super? Yes, Erlend Loe. I neste semifinale var Nils på plass igjen. Denne mannen likar å kjøpa lodd! Motstandar var Frode. Og på spørsmålet om Challenger-ulukka frå 1986, var det Frode som var raskast. Bra! Samme to duellantar skulle så møtast i finalen. Nils vs Frode. Spørsmål:

I kva land har luksusklokkemerket Rolex sitt hovudkvarter?

Og her skjer det noko merkeleg. Nils er først ut med å sei namnet sitt. Men Frode er hakk i hæl, men tråkkar litt i postkassen (eller var det salaten?) med å sei både namnet sitt og avgi svar på spørsmålet: Sveits! Nils held roen og får, som han har rett på sidan han var først, svara på spørsmålet. Når han svarar Sveits, han òg, vert han 970kr rikare. Fin pott! Gratulerar!

Så var me framme med oppsummering og sluttstilling. Friskt Mot er eit lag ein plar rekna med i Topp 10, men i kveld skuffa de med ein 21. plass. Også Bord 22 skuffa med stusselege 55 poeng og 18.plass. Mange lag plasserte seg på "60-talet", og berre 7 poeng skilde 15.plassen frå 5.plassen. Beste lag her var Blanda Drops, som gjorde ein meget sterk quiz i kveld. Strålande! I toppen var det fire lag som skulle gjer opp om sigeren. Tre av dei enda på lik score (71p): TU, QF og BJoP. Med 12 rette på biletearket måtte TU ta til takke med 4.plassen. Surt! QF og BJoP var like på bileta med 14/15, så her måtte beste enkeltark avgjer. Og med 19p vs 16p på førstearket kapra BJoP sølvet. Kva så med vinnarlaget? Jo, etter fleire gode veker og pallplasseringar var det endeleg HBO sin tur til å gå heilt til topps. Med fine 73 poeng heldt dei unna til siste slutt i kveld. Imponerande! Til lukka med sigeren!

Med tre quizar att for året skiljer det 19 poeng i favør QF ned til BJoP i kampen om samanlagtsigeren. Tredjeplassen er opnare. Bedre Seint Enn Sist er framleis dei som ligg best an, men har heile 5 lag innanfor 22 poeng halsande bak seg. Så her kan endo mykje skje.

Dei Hjelpelause vart denne gong trekt ut som heldige vinnarar av éin gratisbillett til konsert med Stord Weather Shanty Choir på Arena 16.desember. God konsertfornøyelse!

Quizvert var Jon, med Geir og Konstanse i baren.

Til slutt ei lita melding til moteinteresserte Oddmund på HBO, som i kveld lurte på om quizverten nytta rosa skjorte fast kvar quiz: No har han handla skjorter på Black Friday sal! Så neste veka lovar han ein anna farge enn rosa. Hehe.

Takk for ein topp kveld og vel møtt igjen neste torsdag!

Resultat quiz 12 av 15 hausten 2017 - 23.november:
(Trykk på bileta for større visning)















Samanlagtstilling etter 12 av 15 rundar:
















Alle spørsmål med fasit: